top of page

 

Korleis kjem du deg til Fedje?

​

Fedje er ein øykommune, og du kjem hit med ferge eller eigen båt. Her finn du meir informasjon om korleis du kjem deg til Fedje. 

 

BIL

Ferga til Fedje går frå Sævrøy Ferjekai. Ferga er gratis, men vi anbefaler likevel å sette bilen igjen på fastlandet då det er smale vegar og få parkeringsplassar på øya. Det er korte avstander til det meste, og skal du på ein lengre tur kan du eksempelvis leige sykkel eller ta med din eigen. 

​​​

​

KOLLEKTIVTRANSPORT 

Det går fleire bussar til Sævrøy i løpet av dagen. Du kan sjå reiserute og avgangstider frå din næraste busshaldeplass på Skyss.no. Om du velger Fedje Fergekai som endestasjon ser du kva bussar som korresponderar med ferga. 

​​

​

EIGEN BÅT 

Kjem du med eigen båt er det gjesteparkering i havna. Meir informasjon om dette, samt priser, finn du i lenkene på høgre side. 

​​

​

FLY   

Nærmaste flyplass er Bergen Lufthavn. Det tar ca. 1,5 time å køyre frå flyplassen til Sævrøy fergekai. Du kan også ta Bybane eller buss til Bergen sentrum for vidare kollektivtransport. 

​

Vegbeskrivelse | Google Maps

Fergeruter | Fjord1.no

​​

​

​

​

​

​ 

​

Bussruter | Skyss.no

​​​​​​​​

​

​​

​​

​

​

Gjestehamn | Fedje Island

Gjestehamn | Explore West

​

Fedje si ferge "Fedjebjørn" i solnedgang. Fotograf: Andrea Waage
bottom of page