Landsbyen i havet
KVA KAN DU GJERE PÅ FEDJE?
Skal du til Fedje? Då har du mykje å sjå fram til! Om sommaren blir Fedje trylla om til eit ferieparadis. På fine dagar kan ein nyte dagen utandørs ved å ta ein tur i Nordsjøløypa, bade på badestranda, oppleve havet frå ein båt, eller kanskje besøkje Landhandelen for å kjøpe is? Eller kanskje du vil ta turen innom Strikkebua, ete middag på Pernille eller få ein omvisning på Feddie Ocean Distillery? Under inn du ei oversikt over ting du kan gjere på Fedje!
DAGSTURHYTTA I AURIHOPEN
Fedje si dagsturhytte er ein meget populær destinasjon. Her kan du slappe av med ein kaffikopp og nyte utsikta mot storhavet og fyrtårnet. Hytta er utstyrt med lokale sitteunderlag og nynorsk bibliotek. Du finn Dagsturhytta på kartet i turistbrosjyra, eller via lenka under.
NORDSJØLØYPA OG TURSTIER
Nordsjøløypa er tre stier gjennom natur- og kulturhistoria på Fedje, og vert flittig brukt av både lokale Fedjingar og turistar. Her kan man få eit godt avbrekk i fin natur, samtidig som ein kan lære meir om dyr og natur på Fedje.
På Fedje har me tre Nordsjøløyper. Det er fint mogleg å gå alle tre i ei lang sløyfe som ein dagstur. Du kan i tillegg besøke Fedjes høgaste punkt, Fedjebjørn - Noregs nest lavaste høgaste kommunetopp!
Kort løype / grusløype | ut.no
Lang løype inkludert Dagsturhytta | ut.no
Fedjebjørn - Fedjes høgaste punkt | ut.no
STOLPEJAKTEN
Det er i dag 30 stolpar på Fedje, og det er fire vanskelighetsgrader inndelt i følgande fargar:
• GRØNN – veldig enkel, kan nås med sykkel og rullestol
• BLÅ – enkel
• RØD – medium
• SVART – vanskeleg
Stolpejakten-appen kan lastast ned gratis fra Google Play eller AppStore. Du velger sjølv kor mange stolper du finner. Dette gjer du ved å registrere stolpane, enten elektronisk med app eller via Stolpejakten si heimeside. Du kan og gjere det manuelt ved å fylle inn direkte på kartet.
For meir info om korleis Stolpejakten fungerer, sjå https://stolpejakten.no/

BADESTRANDA
Sjølv langt til havs som på Fedje kan du få deg eit varmt bad når sommaren først har slått til. Badestranda ved Husavatnet er ein populært destinasjon i varmt sommarvêr.
Husavatnet er eit brakkvatn og vert difor raskare varma opp enn sjøen utanfor. Her er det laga til ein fin badeplass med ein liten strand, plattingar, flytebrygge med meir. Det er toalett og bossdunk på området. Ein smal kanal i vest er den einaste forbindelsen mellom Husavatnet og havet. Vatnet er difor godt eigna til symjing, padling og andre vassaktivitetar.

FEDJE KRIGSMINNE
Fedje vart involvert i 2.verdenskrig kort tid etter utbrotet. Okkupasjonsmakta fekk etablert eit festningsanlegg i Vinappen. Her vart det mellom anna sett opp eit radartårn på 40 meter.
I Vinappen er det mogeleg å spasere omkring og sjå på ein god del restar etter dette festningsanlegget. Under kan du laste ned brosjyre med meir informasjon.
HELLISØY FYR
Fyrtårnet på Fedje er eit historisk landmerke du bør få med deg. Fyret står på ei eigen øy, men det er god utsikt frå Fyrsundet.
Les meir om fyret her:
RIB TUR
Tur med RIB båt til nærliggende fyr som Hellisøy, Holmengrå og Utvær. Muligheter for å gå i land. Turen kan tilpassast ditt ønske. Passer også for firmatur, vennetur, eller utdrikningslag. De vert utstyrt med flytedrakt og redningsvest, samt briller for de som ønsker det. Turen går rolig for seg og passer for de aller fleste.
Minimum 6 pers Maximum 12
Pris: Kr 750 per person
Varighet: 1,5 time
For bestilling, ta kontakt med Arild Mjelstad.
Tlf: (+47) 41 51 17 79
Epost: explorewest@outlook.com
JENTENE PÅ KAIEN
Start besøket ditt hos oss!
Vi byr på kaffi og enkel servering, ekte kysthistorier, lokale produkt, og nyttig informasjon om Fedje. Ein naturleg møteplass i Landsbyen i havet rett på kaien.
Epost: post@jentenepakaien.no
Tlf: (+47) 95 90 94 11
Facebook: Jentene på Kaien

SYKKELUTLEIGE
Utforsk øya på to hjul!
Syklar til leige ved ferjekaien. Desse kan hentast og returnerast utanfor Jentene på Kaien. Vipps før bruk til tlf 937087.
PRIS: Pr. time: 100,-
Makspris pr. dag: 300,-
For bestilling eller andre spørsmål, ta kontakt med Niclas Mjelstad i Explore West.

FEDDIE OCEAN DISTILLERY
Vil du sjå og lære meir om korleis ein lager whisky og gin? På destilleriets «Ocean Whisky Tour» vil du ikkje berre lære om korleis Feddie lager sine produkt, både whisky, gin og akevitt.
Feddie Ocean Distillery finn du i eit nedlagt fryseri på kaien på Fedje. Her venter ein heilt spesiell omvisning, kvar du får sjå, lukte og smake. Destilleriets guide viser deg alle delar av ein whiskyproduksjon, samt introdusere deg til den spennande visjonen til Feddie. Du kan lese meir om Feddie Ocean Distillery og omvisning på deira nettside.

EIDE GLASS
Eide Glass er ein lokal glassmakar som lagar unike suvenirar, smykker, og andre dekorative gjenstandar.
Epost: egt@online.no
Tlf: (+47) 47 50 28 47
Facebook: Eide Glass
STRIKKEBUA
Strikkebua er den hyggelege bua i Elisabeth Husa si idylliske hage.
Her finn du ein bred kolleksjon av heimestrikka og heimesydde plagg.
Du kan og kjøpe garn om du ønskjer å strikke noko sjølv.
Tlf: (+47) 95 81 36 20 (Elisabeth) eller (+47) 90 66 98 31 (Kristin).
Addresse: Mulevegen 27
Facebook: Strikkebua på Fedje

GALLERI HANNE-MARI
Hos Galleri og atelier Hanne-Mari på Moldøyna kan du oppleve abstrakt samtidskunst inspirert av havet, lyset og landskapet rundt Fedje.
Galleriet er også eIt levAnde atelier der kunsten blir til. Det tilbys også Sip & Paint-kvelder og kurs med fokus på abstrakt uttrykk, prosess og fargebruk.
Epost: hannemari.gj@gmail.com
Tlf: (+47) 99 64 65 14
Facebook: Galleri Hanne-Mari
HAVFISKETUR MED LYREN
Kurt Rongevær, også kjend som Lyren frå NRKs "Jakten på monstermakrellen", er lokalkjent fiskeguide på Fedje. I fleire år har han teke turistar med på fisketurer til havs i sjark. I år er dette også mogeleg!
Booking og informasjon:
E-post: rogronge@hotmail.com
Tlf: (+47) 90 01 92 69
FEDJE FISKE OG BO
Erfarne og lokalkjende fiskeguidar tilbyr deg havfiskeopplevingar
og overnatting med base på Moldøyna.
Booking og informasjon:
Tlf: (+47) 958 99 667 eller (+47) 996 46 514
E-post: toregismervik@gmail.com eller
hanne_mia@hotmail.com
Nettside: www.fedjefiskeogbo.com
Facebook: Fedje fiske og bo








